Kravet til dobbel strafflegging skal på vilkår som nemnde i arrestordreloven § 7 tredje ledd første punktum ikkje gjelde for desse handlingane:
deltaking i ein kriminell organisasjon
terrorisme
menneskehandel
seksuell utnytting av barn og framstilling av seksuelle overgrep mot barn
ulovleg handel med narkotiske og psykotrope stoff
ulovleg handel med våpen, ammunisjon eller sprengstoff
korrupsjon
bedrageri, medrekna bedrageri som råkar dei økonomiske interessene til Det europeiske fellesskapet etter konvensjonen 26. juli 1995 om beskyttelse av De europeiske fellesskaps økonomiske interesser
kvitvasking av utbyte frå straffbare handlingar
pengefalsk, medrekna av euroen
datarelatert kriminalitet
miljøkriminalitet, medrekna ulovleg handel med trua dyreartar, planteartar og plantevariantar
tilrettelegging for ulovleg innvandring eller ulovleg opphald
drap
grov kroppsskade
ulovleg handel med organ, vev og liknande frå menneske
kidnapping, ulovleg fridomskrenking og gisseltaking
rasisme og framandfrykt
organisert eller væpna ran
ulovleg handel med kulturgjenstandar, medrekna antikvitetar og kunstverk
svindel
innkreving av vernepengar og utpressing
forfalsking og piratomsetnad av produkt
forfalsking av administrative dokument og handel med desse
forfalsking av betalingsmiddel
ulovleg handel med hormonpreparat eller andre vekstfremjande stoff
ulovleg handel med kjernefysisk eller radioaktivt materiale
ulovleg omsetnad av stolne køyretøy
valdtekt
påsetting av brann
brot som fell innunder domsmakta til Den internasjonale straffedomstolen
kapring av fly eller skip
sabotasje.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.