§ 69. Nærings- og samfunnsutvikling og internasjonalt samarbeid

Følgjande dokumentasjon om nærings- og samfunnsutvikling og internasjonalt samarbeid skal takast vare på for ettertida:

  1. dokumentasjon som gjeld handlingsprogram, regionale planar, handlingsplanar og strategiar for lokal og regional utvikling, næringsutvikling, samfunnsutvikling og reiselivsutvikling og annan dokumentasjon som gjeld dei overordna planane til kommunen eller fylkeskommunen
  2. dokumentasjon som gjeld retningsliner for korleis regionråd og andre samarbeidsorgan skal bruke midlane dei får tildelt
  3. dokumentasjon om korleis fylkeskommunen forvaltar regionale utviklingsmidlar
  4. dokumentasjon som gjeld kommunen eller fylkeskommunen sine eigne prosjekt og samarbeidsprosjekt og EU-finansierte prosjekt som dei deltek i.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-12-19-2729
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b9075c03c898109e6ba56ad434c3b92d129fc701cbbefa7fda1f1ac7ed2232b6
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-07