Forskrift om gjennomføringsreglar for rådsdirektiv 92/75/EØF med omsyn til energimerking av kombinerte hushaldsvaskemaskiner og tørketromlar.

§ 1.

Denne forskrifta gir gjennomføringsreglar for rådsdirektiv 92/75/EØF med omsyn til energimerking av kombinerte hushaldsvaskemaskiner og tørketromlar, jf. forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger.

§ 2.

Denne forskrifta skal nyttast på nettdrivne kombinerte hushaldsvaskemaskiner og tørketromlar. Apparat som òg kan drivast med andre energikjelder, er ikkje omfatta av denne forskrifta.

§ 3.

Dei obligatoriske opplysningane som er fastsette i denne forskrifta, skal arbeidast ut etter målemetodane i harmoniserte standardar som det er offentleggjort tilvisingsnummer for i Tidend for Dei europeiske fellesskapa. Føresegner i denne forskrifta som krev opplysningar om støy, skal gjelde berre dersom slike opplysningar er påkravde etter artikkel 3 i rådsdirektiv 86/594/EØF. Dersom det er naudsynt, skal opplysningane arbeidast ut i samsvar med føresegnene i det førnemnde direktivet.

§ 4.

Dei utrykka som er nytta i denne forskrifta skal, bortsett frå i tilfelle der samanhengen krev ei anna tyding, ha same tydinga som i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger.

§ 5.

Det tekniske dokumentasjonsmaterialet som er nemnt i § 8 i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger, skal omfatte:

§ 6.

Etiketten som er nemnd i § 6 i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger, skal vere utforma som vist i vedlegg I[^1] til denne forskrifta. Etiketten skal plasserast utvendig på framsida eller oversida av apparatet, slik at han er godt synleg og ikkje vert dekt til.

1 Vedlegget er utelate. Ein kan få det ved å vende seg til Olje- og energidepartementet, Energi- og vassdragsavdelingen, postboks 8148 Dep., 0033 Oslo, tlf. 22249090.

§ 7.

Innhaldet og formatet til opplysningsskjemaet som er nemnt i § 6 i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger, skal vere i samsvar med vedlegg II[^1] til denne forskrifta.

1 Vedlegget er utelate. Ein kan få det ved å vende seg til Olje- og energidepartementet, Energi- og vassdragsavdelingen, postboks 8148 Dep., 0033 Oslo, tlf. 22249090.

§ 8.

Dersom eit apparat vert bode fram for sal, leige eller kjøp på avbetaling på dei vilkåra som er fastsette i § 14 i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger, og ved hjelp av ei trykksak, til dømes ein postordrekatalog, skal trykksaka innehalde alle dei opplysningane som er gjevne i vedlegg III[^1] til denne forskrifta.

1 Vedlegget er utelate. Ein kan få det ved å vende seg til Olje- og energidepartementet, Energi- og vassdragsavdelingen, postboks 8148 Dep., 0033 Oslo, tlf. 22249090.

§ 9.

Klassifiseringa av eit apparat etter energieffektivitet og vaskeevne skal fastsetjast i samsvar med vedlegg IV.[^1]

1 Vedlegget er utelate. Ein kan få det ved å vende seg til Olje- og energidepartementet, Energi- og vassdragsavdelingen, postboks 8148 Dep., 0033 Oslo, tlf. 22249090.

§ 10.

Olje- og energidepartementet fastset kven som skal føre tilsyn med føresegnene i denne forskrifta og fastset instruks for tilsynsverksemda.

§ 11.

Denne forskrifta trer i kraft straks.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/1998-05-04-463
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ad6dff839241af8c0e3cd012353ef469db9f2a487ca8e0346ef10fd32d3424c4
Rendererversjon
8
I kraft
1998-05-04