(1) Det er forbode å nytte alkohol eller andre rus- eller bedøvande midlar på skulen sitt område eller i undervisningstida. Studentane har ikkje lov til å dykke, arbeide eller møte på dykkepost i nokon form for rusa tilstand. Studenten pliktar å møte rusfri til all undervisning, og forbodet gjeld i eit tidsrom på åtte timar før undervisninga startar.
(2) Ved mistanke om at ein student er påverka av rusmidlar, kan studenten bli pålagd å undersøkjast av skulen sin dykkarlege. Viss ein student ikkje godtek skulen si vurdering av eigen tilstand, må studenten sjølv sørge for å få tatt blodprøve. Alkoholinnhaldet i blodet skal ikkje i noko høve overstiga 0,2 ‰ (promille). Nektar studenten å gje blodprøve kan det resultere i tap av studierett. Sjå kap. 6. om klage og klagehandsaming for korleis gå fram for å klage på tap av studierett.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.