(1) Den som har akseptert studieplass gjennom signert studiekontrakt, betalt studieavgift til skulen og betalt semesteravgift til studentsamskipnaden får studierett ved Bergen Arkitekthøgskole. Studieretten gir rett til undervisning, rettleiing, tilgang til bibliotek, verkstad og studieadministrative tenester.
(2) Studieretten tek slutt når:
Studenten har fullført studiet eller
BAS får melding om at studenten seier frå seg studieplassen eller
studenten i løpet av eit år ikkje har dokumentert aktivitet gjennom betalt studieavgift eller søkt permisjon eller
Studenten har brukt opp sine forsøk til eksamen jamfør § 4-3 i denne forskrifta eller
Studenten ikkje betaler studieavgift eller
når ein aktiv student ikkje har produsert studiepoeng i løpet av dei to siste åra. Styret fattar vedtak om tap av studierett. Vedtak kan jf. § 5-1 påklagast.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.