§ 4-13. Grad og vitnemål

(1) Mastergrad vert tildelt på grunnlag av eksamenar med eit samla omfang av 300 studiepoeng. For å oppnå ein grad hjå BAS må minimum 90 studiepoeng, inkludert diplomsemesteret, vere avlagt ved BAS.

(2) Vitnemål vert utstedt på norsk for studieprogram der undervisningsspråket er norsk. Eit eige vitnemålstillegg, Diploma Supplement, gir ein nærare skildring på engelsk av kandidaten si utdanning i det norske utdanningssystemet.

(3) Det vert berre utstedt eitt vitnemål for oppnådd grad.

(4) Rektor fastset utforminga av vitnemål.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2019-03-04-179
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7de85447bac21e7d8c84ee6430d633504bd292f02739c59c00d299f4a1887b6a
Rendererversjon
8
I kraft
2019-03-04