Føremålet med denne forskrifta er å gje ei uttømande framstilling av betaling pasienten kan verta kravd for i poliklinikkar omfatta av § 2.
Denne forskrifta gjeld når verksemder yter poliklinisk helsehjelp finansiert av staten.
Forskrifta gjeld òg poliklinisk helsehjelp som vert ytt av personell frå verksemda, men utanfor dei fysiske lokala i verksemda.
Forskrifta gjeld ikkje for privatpraktiserande lege- og psykologspesialistar som har driftsavtale med regionalt helseføretak, private radiologiske verksemder eller medisinske laboratorium.
I denne forskrifta meiner ein med:
Endra ved forskrifter 19 des 2018 nr. 2166 (i kraft 1 jan 2019), 18 des 2020 nr. 2991 (i kraft 1 jan 2021).
Det kan berre krevjast betaling frå pasient som er blitt vist til spesialisthelsetenesta av personell som nemnd i § 2 i forskrift 19. desember 2007 nr. 1761.
Som betaling for poliklinisk helsehjelp som vert ytt av legar, psykologar, tannlegar, sjukepleiarar, jordmødrer, fysioterapeutar, ergoterapeutar, kliniske ernæringsfysiologar, audiografar, ortoptistar, optikarar, stråleterapeutar, sosionomar, vernepleiarar, pedagogar, barnevernspedagogar, logopedar, kliniske farmasøytar og helsefagarbeidarar kan pasienten krevjast for 443 kroner. Pasienten kan også krevjast for 443 kroner når personell på poliklinikk kartlegg genetiske eigenskapar og gjev genetisk rettleiing etter krava i bioteknologiloven. Ved psykiatrisk poliklinikk og ruspoliklinikk omfattar dette også poliklinisk helsehjelp ytt av personell med anna relevant høgskule- og universitetsutdanning.
Ein kan kreve 387 kroner i betaling frå pasienten for radiologisk undersøking, ultralydundersøking ved spesialavdeling, samt ved nukleærmedisinsk billedundersøking.
Pasient som får poliklinisk helsehjelp for same tilstanden frå ulike behandlingsstadar på same dagen, kan ikkje krevjast for meir enn éin av kvar eigendel etter andre og tredje leden.
Ved grupperetta pasientopplæring, poliklinisk rehabilitering og behandlingstiltak i gruppe over fleire dagar kan eigendel etter andre og tredje leden krevjast berre éin gong for heile tiltaket.
Det kan krevjast betaling frå pasient for poliklinisk helsehjelp som vert ytt av personell som nemnd i andre leden når helsehjelpa vert ytt ved avstandskonsultasjon ved telefon eller video. Pasienten skal ikkje betale eigendel for nettbasert behandlingsprogram.
Endra ved forskrifter 1 feb 2018 nr. 156, 26 juni 2018 nr. 1076 (i kraft 1 juli 2018), 23 des 2019 nr. 2142 (i kraft 1 jan 2020), 29 juni 2020 nr. 1449 (i kraft 3 juli 2020), 22 des 2020 nr. 3093 (i kraft 1 jan 2021), 30 juni 2023 nr. 1172 (i kraft 1 juli 2023), 9 april 2024 nr. 584 (i kraft 15 april 2024), 26 juni 2024 nr. 1353 (i kraft 1 juli 2024), 5 juli 2024 nr. 1581 (i kraft 8 juli 2024), 15 des 2025 nr. 2589 (i kraft 1 jan 2026).
Godkjend eigendel som nemnd i § 4 vert i fylgjande høve dekt av staten:
Ved behandling som nemnd i bokstav h skal helsepersonellet grunngje i pasienten sin journal at eitt eller fleire av vilkåra for dekkjing av eigendel er oppfylt. Staten dekkjer eigendel for helsehjelp etter bokstav h for pasientar som oppheld seg i riket sjølv om pasienten ikkje er medlem av folketrygda.
Endra ved forskrifter 19 des 2018 nr. 2166 (i kraft 1 jan 2019), 29 juni 2020 nr. 1449 (i kraft 3 juli 2020), 30 juni 2023 nr. 1182 (i kraft 1 juli 2023), 19 des 2024 nr. 3291 (i kraft 1 jan 2025), 17 jan 2025 nr. 46, 2 sep 2025 nr. 1769, 3 juli 2026 nr. 1510 (i kraft 1 aug 2026).
Om den polikliniske behandlinga vert forseinka med meir enn éin time etter avtala tid, og pasienten ikkje har fått melding om dette føre oppmøtet, skal ikkje pasienten betale godkjend eigendel etter § 4.
Om pasienten ikkje møter opp til avtala time, og let vera å melda frå tidlegare enn 24 timar føre timen, kan pasienten verta kravd for 1 993 kroner i fråværsgebyr.
Om den avtala timen gjeld poliklinisk helsehjelp innan psykiatri eller rusbehandling, skal det ikkje krevjast høgare gebyr enn 443 kroner.
Endra ved forskrifter 26 juni 2018 nr. 1076 (i kraft 1 juli 2018), 23 des 2019 nr. 2142 (i kraft 1 jan 2020), 24 mars 2020 nr. 482 (i kraft 1 april 2020), 29 juni 2020 nr. 1449 (i kraft 3 juli 2020), 24 mars 2020 nr. 482 (i kraft 1 sep 2020), 2 des 2020 nr. 2579 (i kraft 7 des 2020), 2 des 2020 nr. 2579 (i kraft 1 feb 2021), 29 jan 2021 nr. 250 (i kraft 1 feb 2021), 29 jan 2021 nr. 250 (i kraft 1 april 2021), 22 mars 2021 nr. 1014 (i kraft 1 april 2021), 22 mars 2021 nr. 1014 (i kraft 1 juli 2021), 19 des 2022 nr. 2352 (i kraft 1 jan 2023), 30 juni 2023 nr. 1172 (i kraft 1 juli 2023), 26 juni 2024 nr. 1353 (i kraft 1 juli 2024), 15 des 2025 nr. 2589 (i kraft 1 jan 2026).
Ved behandling i poliklinikk innan somatikk kan pasienten verta kravd for 75 kroner som betaling for bandasjemateriell og/eller bedøvingsmiddel, men berre i lag med godkjent eigendel etter § 4 andre ledd. Betalinga kan berre verta kravd ein gong pr. konsultasjon. Det skal ikkje krevjast betaling frå born under 18 år.
I høve godkjend yrkesskade etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 13, og godkjend krigsskade etter lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersonell og lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner, vert kostnader etter fyrste leden dekte av staten.
Endra ved forskrifter 14 nov 2018 nr. 1704, 1 mars 2019 nr. 168 (i kraft 1 juli 2019), 22 des 2020 nr. 3093 (i kraft 1 jan 2021), 9 april 2025 nr. 652 (i kraft 1 juli 2025), 3 juli 2026 nr. 1510 (i kraft 1 aug 2026).
Som betaling for særskilt poliklinisk helsehjelp som nemnd i denne føresegna, kan pasienten verta kravd for:
Pasienten skal ikkje betale eigendel etter § 4, eller for materiell etter § 8 fyrste leden.
Endra ved forskrifter 29 april 2020 nr. 887 (i kraft 1 juli 2020), 14 mai 2025 nr. 787 (i kraft 1 juli 2025).
Departementet fastset storleiken av godkjend eigendel, gebyr når pasienten ikkje møter og pasientbetaling.
Verksemd som har kravd betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta skal rapportere data til det organ Helsedirektoratet bestemmer slik dette til kvar tid er presisert av Helsedirektoratet.
Forskrifta tek til å gjelde 1. januar 2017.
Frå tida forskrifta tek til å gjelde blir det gjort fylgjande endringar i andre forskrifter:
1. I forskrift 18. april 1997 nr. 334 om egenandelstak 1 vert fylgjande endringar gjorde:---
2. I forskrift 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal skal § 12 lyde:---
3. I forskrift 27. juni 2016 nr. 819 om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege vert følgjande endring gjorde:---
4. I forskrift 19. desember 2007 nr. 1761 om godtgjørelse av utgifter til helsehjelp som utføres poliklinisk ved statlige helseinstitusjoner og ved helseinstitusjoner som mottar driftstilskudd fra regionale helseforetak vert følgjande endringar gjorde:---
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.