(1) Kommunefordelinga etter eigedomsskattelova § 8 B-2 første og tredje leden skal byggje på oppgåver frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om berekning av fordelingsnøklar og retningsliner fastsett av departementet i samråd med NVE.
(2) For kraftanlegg med tilhøyrande særskilte driftsmiddel sett i drift pr. 1. januar 2000 som ikkje vart omfatta av NVE si fastsetjing av gjenanskaffingsverdet (GAV) pr. 1. januar 1997, skal NVE fastsetje gjenanskaffingsverdet for særskilte driftsmiddel som nemnt i eigedomsskattelova § 8 B-2 første leden. Det skal ikkje bereknast GAV for adkomstanlegg. Reglane i forskrift 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmiddel i kraftforetak, gjeld tilsvarande for NVE si fastsetjing av desse verdiar. For kraftanlegg sett i drift etter 1. januar 1997 skal verdsetjinga baserast på tilhøva pr. 1. januar 2000 og justerast til kroneverdet pr. 1. januar 1997. Frist for eigar av særskilte driftsmiddel i slike kraftanlegg for innsending av opplysningar til NVE som nemnt i forskriften § 2-1 andre leden, vert sett til 9. februar 2001.
Endra ved forskrift 9 des 2016 nr. 1474 (i kraft 1 jan 2017).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.