§ 11. Krav til stabilitetsutrekningar

Fartøy med største lengd 15 meter eller meir skal ha stabilitetsutrekningar som viser følgjande:

  1. Arealet under kurva for rettande arm (GZ-kurva) er minst 0,055 meterradianar opp til krengjevinkel på 30 grader og minst 0,09 meterradianar regnet opp til 40 grader eller fyllingsvinkelen, dersom denne er mindre enn 40 grader. I tillegg skal arealet under GZ-kurva mellom krengjevinklane 30 grader og 40 grader eller mellom 30 grader og fyllingsvinkelen, dersom denne er mindre enn 40 grader, ikkje vere mindre enn 0,03 meterradianar.
  2. Rettande arm (GZ) er minst 0,2 meter ved ein krengjevinkel lik eller større enn 30 grader.
  3. Krengjevinkelen til den rettande arm som har størst verdi (GZmaks) skal være større enn 25 grader.
  4. Initialmetasenterhøgda (GM) er minst 0,15 meter.

Første ledd gjeld ikkje fartøy i fartsområde 2 og mindre når initialmetasenterhøgda (GM) er minst 0,15 meter og arealet under kurva for rettande arm (GZ-kurva) for lastetilstandane er minst 0,055 meterradianar rekna til fyllingsvinkelen, eller til krengjing på 20 grader når fyllingsvinkelen er større.

Fartøy med største lengd 15 meter eller meir skal ikkje ha krengjevinkel på meir enn 10 grader når alle passasjerane er plasserte på eine sida av fartøyet på minst gunstige måte.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2022-09-21-1627
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
49742d4ff9c2f76afee1fcef2089c0b7bcd25cf67140515170efb8c5a104b2da
Rendererversjon
8
I kraft
2022-10-01