§ 28. Kvalifikasjonskrav og bemanning

Førar skal vere minst 20 år og ha

  1. fritidsskippersertifikat (D5L)
  2. helseerklæring for fritidsskipper som skal fornyast kvart tredje år
  3. SRC-sertifikat
  4. minst 150 timar dokumentert fartstid på tilsvarande fartøytype
  5. godkjent tryggleiksopplæringskurs for sjøfolk på mindre skip
  6. gjennomgått tryggleiksfamiliarisering og intern tryggleiksopplæring som sikrar forsvarleg handtering av personar om bord i naudssituasjonar.

For kvar redningsflåte om bord, med unntak av den eller dei redningsflåtane som er i reserve, skal det i tillegg til førar vere minst eitt besetningsmedlem som har opplæring som nemnt i første ledd bokstav e.

Reiarlaget skal fastsetje ei bemanning som er tilstrekkeleg til å vareta forsvarleg drift av fartøyet og tryggleiken til alle personar om bord ved normal drift og i ein naudssituasjon. Bemanninga skal vere tilstrekkeleg til å handtere segl og rigg utan hjelp frå andre personar om bord. Personar som er ein del av bemanninga, skal oppfylle krava i første ledd bokstav f.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2022-09-21-1627
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
49742d4ff9c2f76afee1fcef2089c0b7bcd25cf67140515170efb8c5a104b2da
Rendererversjon
8
I kraft
2022-10-01