§ 4. Tryggleiksstyringssystem

Reiarlaget skal etablere, gjennomføre og vidareutvikle eit dokumenterbart tryggleiksstyringssystem som minimum inneheld

  1. skildring av verksemda og operasjonsområdet med eventuelle beskytta område der fartøy kan søke ly (naudhamner)
  2. skildring av det enkelte fartøyet, under dette tekniske spesifikasjonar, operasjonelle avgrensingar som fylgje av konstruksjonen og utrustinga til fartøyet, og talet på personar fartøyet er konstruert for
  3. rutinar for planlegging av seglas
  4. skildring av risikofaktorar for alle om bord når fartøyet er undervegs eller reiskapar eller utstyr om bord blir brukte, og tiltak for å unngå uønskte hendingar
  5. rutinar for vedlikehald av fartøy og utstyr
  6. beredskapsplan til bruk i ulike naudssituasjonar og rutinar for øvingar.

Reiarlaget skal ha ein årleg gjennomgang av tryggleiksstyringssystemet for å vurdere om det fungerer i tråd med føremålet, og om det er behov for forbetringar. Gjennomgangen skal dokumenterast.

Tryggleiksstyringssystemet skal vere tilgjengeleg om bord.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2022-09-21-1627
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
49742d4ff9c2f76afee1fcef2089c0b7bcd25cf67140515170efb8c5a104b2da
Rendererversjon
8
I kraft
2022-10-01