Ved fastsetjing av tilskot som tidlegare er fastsett av tilskotsfut, statsforvaltar, domstol eller i avtale, skal det gjeldande tilskotet berre endrast dersom reglane i denne forskrifta vil føre til ei endring på meir enn 12 prosent.
Underhaldskostnaden og samværsfrådraget blir automatisk regulert når barnet går over til ei ny aldersgruppe. Dette gjeld likevel ikkje der tilskotet er fastsett etter § 10 eller § 11 i denne forskrifta, eller der ein av partane bur i utlandet. Justeringa blir gjort samstundes med at grunnlagstala i vedlegget til denne forskrifta blir endra.
Endra ved forskrifter 15 des 2008 nr. 1367 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 13), 19 des 2017 nr. 2241 (i kraft 1 jan 2018), 26 jan 2022 nr. 130.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.