Det skal førast særskild rekneskap for avgiftspliktig framsyning eller omsetning. Rekneskapen skal reviderast av ein registrert eller statsautorisert revisor. Rekneskapen til kommunale kinoar skal reviderast av kommunerevisjonen.
For framsyning av film eller videogram i næring skal avgiftsgrunnlag og avgiftsbeløp kvart kvartal fyllast ut på eit skjema til Norsk filminstitutt. Meirverdiavgift skal ikkje reknast inn i avgiftsgrunnlaget.
For omsetning av videogram skal distributøren kvart kvartal rapportere om netto omsetning på eit felles skjema til Medietilsynet.
Endra ved forskrifter 11 jan 2005 nr. 16, 1 mai 2016 nr. 890, 10 feb 2022 nr. 191.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.