(1) Dersom fakultetet kjem til at søkar skal få framstilla seg, skal det – i same sak eller i separat sak – oppnemnast ein sakkunnig komité (bedømmelseskomité) med minst tre medlemmer. Komiteen skal vurdera avhandlinga og disputasen. Fakultetet peikar ut leiar mellom medlemmene.
(2) Instituttet som har det aktuelle faget føreslår komité.
(3) Komiteen skal setjast saman slik at
(4) Samansetjinga av komiteen skal vera grunngitt og eventuelle avvik frå kriteria skal grunngivast særskilt. Grunngivinga skal visa korleis komiteen samla dekker fagfeltet i avhandlinga.
(5) I særlege tilfelle kan fakultetet nemna opp ein administrativ leiar i tillegg til medlemmene. Han/ho skal ikkje ta del i den faglege vurderinga av avhandlinga.
(6) Fakultetet kan, når det er påkravd, nemna opp ein setjemedlem til komiteen.
(7) Ein/ei som har vore kandidaten sin medforfattar eller andre som er inhabile etter forvaltningslova § 6, kan ikkje vera medlem i, eller administrativ leiar for, komiteen.
(8) Kandidaten skal få melding om forslaget til komité, og få høve til å komma med skriftlege merknader til forslaget innan fem arbeidsdagar etter at han/ho får meldinga.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.