§ 10-2. Arbeid som ikkje vert godteke

(1) Arbeid eller delar av arbeid som har vorte godteke som grunnlag for tidlegare avlagde eksamenar eller grader, kan ikkje godtakast for vurdering. Data, analysar eller metodar frå tidlegare grader kan likevel nyttast som grunnlag for arbeid med ph.d.-avhandlinga.

(2) Ei avhandling kan ikkje leverast til vurdering av fleire i fellesskap. Det er normalt ikkje høve til å la eitt eller fleire arbeid (artiklar) vere ein del av fleire avhandlingar.

(3) Publiserte arbeid kan ikkje godtakast som ein del av avhandlinga om dei ved opptakstidspunktet er eldre enn fem (5) år frå publiseringsdato. Avdelinga kan dispensere frå dette kravet dersom ekstraordinære forhold skulle tilseie det.

(4) Avhandlinga kan innleverast for vurdering berre ved ein lærestad, jf. § 13-1.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-09-05-2677
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d40b1864adc84b3d9b976b729d64fbb5d46c9c1a061bb3a4bdfce3b24600a7b0
Rendererversjon
8
I kraft
2024-10-01