(1) Oppnemning av vurderingskomité skjer i tråd med dei utfyllande retningslinjene for det einskilde ph.d.-programmet.
(2) Når vilkåra for oppnemning av vurderingskomité er oppfylt, oppnemner doktorgradsutvalet, etter framlegg frå hovudrettleiar, ein sakkunnig komité på minst tre medlemer som skal vurdere avhandlinga, disputasen og prøveførelesinga.
(3) Samansetjing av komitéen bør vere klarlagt når søknad om vurdering vert levert inn. Vurderingskomitéen skal normalt setjast saman slik at:
(4) Vurderingskomitéen er underlagt reglane om habilitet i forvaltningslova §§ 6 til 10.
(5) Om kriteria ikkje vert fylgde, skal dette grunngjevast særskilt.
(6) Samansetjinga av komitéen skal grunngjevast med korleis han samla dekkjer fagfeltet avhandlinga omhandlar. Doktorgradsutvalet utpeikar ein administrator mellom medlemene av komitéen eller i tillegg til medlemene av komitéen.
(7) Oppnemnde rettleiarar kan ikkje vere medlem av vurderingskomitéen eller administrere han.
(8) Doktorgradsutvalet kan, ved fråfall, oppnemne eit settemedlem til vurderingskomitéen.
(9) Kandidaten skal orienterast om framlegget til samansetjing av komité og har høve til å levere skriftlege merknader seinast éi veke etter at det er gjort kjent for kandidaten.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.