§ 15-3. Innstillinga frå vurderingskomitéen

(1) Vurderingskomitéen gjev innstilling om i kva grad arbeidet er verdig til forsvar for ph.d.-graden. Innstillinga og eventuelle dissensar skal grunngjevast.

(2) Vurderingskomitéen si innstilling skal liggje føre seinast tre (3) månader etter at komitéen har motteke avhandlinga. Om komitéen tilrår omarbeiding, og avdelinga gjev løyve til det, startar ein ny frist frå den datoen avhandlinga vert levert på nytt.

(3) Vurderingskomitéen si innstilling skal sendast til avdelinga som legg henne fram for ph.d.-kandidaten. Kandidaten får ein frist på ti (10) arbeidsdagar til å fremje skriftlege merknader til innstillinga. Om kandidaten ikkje ynskjer å fremje merknader, skal avdelinga snarast få skriftleg melding om det.

(4) Eventuelle merknader frå ph.d.-kandidaten skal sendast til avdelinga. Avdelinga gjer vedtak i saka i samsvar med § 16.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-09-05-2677
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d40b1864adc84b3d9b976b729d64fbb5d46c9c1a061bb3a4bdfce3b24600a7b0
Rendererversjon
8
I kraft
2024-10-01