§ 16-1. Samrøystes innstilling

(1) Om komitéen gjev samrøystes innstilling og avdelinga vel å leggje den innstillinga til grunn, fattar avdelinga sjølv vedtak i samsvar med den samrøystes innstillinga.

(2) Om avdelinga kjem til at det er tvil om den samrøystes innstillinga skal leggjast til grunn, skal avdelinga be om nærare avklaring frå vurderingskomitéen og/eller oppnemne to nye sakkunnige som gjev individuelle fråsegner om avhandlinga.

(3) Slike tilleggsfråsegner eller individuelle fråsegner skal leggjast fram for ph.d.-kandidaten, som får høve til å kome med merknader.

(4) Avdelinga fattar vedtak i saka på grunnlag av innstillinga og dei innhenta fråsegnene.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-09-05-2677
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d40b1864adc84b3d9b976b729d64fbb5d46c9c1a061bb3a4bdfce3b24600a7b0
Rendererversjon
8
I kraft
2024-10-01