§ 18-2. Offentleggjering

(1) Avhandlinga skal vere offentleg tilgjengeleg seinast to (2) veker før dato for offentleg forsvar. Avhandlinga skal vere tilgjengeleg i den forma ho vart levert til vurdering, eventuelt etter omarbeiding på grunnlag av førebelse kommentarar frå komitéen, jf. § 15-2.

(2) Det kan ikkje leggast restriksjonar på offentleggjering av ei doktorgradsavhandling med unnatak av om det på førehand er avtalt utsetjing av datoen for offentleggjering. Ei slik utsetjing kan skje for at Høgskulen og eventuelt ekstern part som heilt eller delvis har finansiert ph.d.-utdanninga, skal kunne ta stilling til eventuell patentering. Ekstern part kan ikkje stille krav om at heile eller delar av ph.d.-avhandlinga ikkje skal kunne offentleggjerast, jf. § 5-5.

(3) Ved publisering av avhandlinga skal kandidatar fylgje gjeldande retningslinjer for kreditering av Høgskulen. Hovudregelen er at ein institusjon skal oppgjevast som adresse i ein publikasjon om han har gjeve eit naudsynt og vesentleg bidrag til eller grunnlag for at ein forfattar har medverka til det publiserte arbeidet.

(4) Same forfattar skal oppgje også andre institusjonar som adresse om desse i kvart einskilt høve tilfredsstiller kravet til medverknad.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-09-05-2677
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d40b1864adc84b3d9b976b729d64fbb5d46c9c1a061bb3a4bdfce3b24600a7b0
Rendererversjon
8
I kraft
2024-10-01