§ 19-1. Prøveførelesing

(1) Prøveførelesinga er ein sjølvstendig del av doktorgradsprøva og skal vere over oppgjeve emne. Føremålet er å prøve kandidaten si evne til å tileigne seg kunnskapar utover temaet i avhandlinga og evna til å formidle desse i ein førelesingssituasjon.

(2) Vurderingskomitéen gjev emne for prøveførelesinga og står sjølv føre vurderinga.

(3) Tittelen på prøveførelesinga vert kunngjort for ph.d.-kandidaten ti (10) arbeidsdagar før førelesinga. Emnet for førelesinga skal ikkje stå i direkte samband med temaet for avhandlinga.

(4) Prøveførelesinga skal finne stad på avhandlingsspråket om ikkje Høgskulen godkjenner eit anna språk.

(5) Vurderingskomitéen avgjer om prøveforelesinga er godkjend eller ikkje godkjend. Det skal grunngjevast om prøveførelesinga ikkje vert godkjend.

(6) Om vurderingskomitéen ikkje godkjenner prøveførelesinga, må det haldast ny prøveførelesing. Ny prøveførelesing må haldast over nytt emne og ikkje seinare enn seks (6) månader etter fyrste forsøk. Ny prøveførelesing kan berre haldast éin gong. Førelesinga skal om det er mogleg vurderast av same vurderingskomité som den opphavlege, om ikkje avdelinga gjer vedtak om noko anna.

(7) Prøveførelesinga skal vere godkjend før disputasen kan haldast.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-09-05-2677
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d40b1864adc84b3d9b976b729d64fbb5d46c9c1a061bb3a4bdfce3b24600a7b0
Rendererversjon
8
I kraft
2024-10-01