§ 24-2. Fellesgrader

Med fellesgrader er det meint samarbeid mellom fleire institusjonar, der alle i fellesskap har ansvar for opptak, rettleiing, gradstildeling og anna som er omtala i denne forskrifta. Samarbeidet vert normalt organisert i eit konsortium og vert regulert i avtale mellom konsortiedeltakarane. For fullført fellesgrad vert det utferda felles vitnemål i form av:

  1. eit vitnemålsdokument utferda av alle konsortiemedlemmane,
  2. eit vitnemål frå kvar av konsortiedeltakarane,

eller ein kombinasjon av a) og b).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-09-05-2677
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d40b1864adc84b3d9b976b729d64fbb5d46c9c1a061bb3a4bdfce3b24600a7b0
Rendererversjon
8
I kraft
2024-10-01