§ 6-2. Tvungen avslutting ved forseinking eller manglande framdrift
(1) Avdelinga kan vedta tvungen avslutting av ph.d.-utdanninga før avtalt tid. Avdelinga kan gjere vedtak om det på grunnlag av eitt eller fleire forhold:
Vesentleg forseinking i gjennomføring av opplæringsdelen på grunn av forhold som kandidaten sjølv rår over
Gjentekne og vesentlege brot frå kandidatens side av informasjons-, oppfølgings- eller rapporteringsplikt, inkludert innsending av framdriftsrapport, jf. § 9
Forseinkingar i framdrifta i forskingsprosjektet som gjer det sannsynleg at kandidaten ikkje vil kunne fullføre prosjektet innafor avtalt tid. For å danne grunnlag for tvungen avslutting må forseinkinga skuldast forhold som kandidaten sjølv rår over.
(2) Klage over vedtak om tvungen avslutting ved forseinkingar eller manglande framdrift går til Nemnd for studentsaker ved Høgskulen i Volda.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.