§ 8-1. Føremål, innhald og omfang

(1) Ph.d.-utdanninga skal vere lagt opp slik at ho skal kunne fullførast innafor normert tidsramme.

(2) Doktorgradsutvalet har ansvar for at opplæringsdelen, saman med avhandlingsarbeidet, gjev utdanning på høgt fagleg nivå og i samsvar med internasjonal standard, med gjennomføring av eit vitskapleg arbeid, trening i fagleg formidling og innføring i forskingsetikk, vitskapsteori og vitskapleg metode. Opplæringa skal saman med forskingsarbeidet verke til å oppnå forventa læringsutbytte i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket.

(3) Opplæringsdelen skal ha eit samla omfang på minst 30 studiepoeng. Retningslinjene for det einskilde ph.d.-programmet kan fastsetje større omfang enn minimumskravet. Det kan også fastsetjast krav til obligatoriske emne i opplæringsdelen. Element som skal gå inn i opplæringsdelen kan normalt ikkje vere eldre enn to (2) år ved opptaksdato.

(4) Høgskulen er ansvarleg for å gje alle ph.d.-studentar tilbod om opplæring på høgt vitskapleg nivå. Retningslinjene for det einskilde ph.d.-programmet gjer greie for opplæringsdelen og kriteria for godkjenning. Om Høgskulen ikkje arrangerer heile opplæringsdelen sjølv, skal det leggjast til rette for at kandidaten kan ta del i tilsvarande opplæring ved ein annan institusjon som gjev godkjend ph.d.-utdanning.

(5) Kurs på doktorgradsnivå ved ein annan institusjon skal godkjennast når dei fyller dei faglege krava i opplæringsdelen, i samsvar med reglane i lov om universiteter og høyskolar § 9-1.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-09-05-2677
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d40b1864adc84b3d9b976b729d64fbb5d46c9c1a061bb3a4bdfce3b24600a7b0
Rendererversjon
8
I kraft
2024-10-01