§ 3. Vilkår for bruk av produktnemninga

1. Produktskildring

Kurv frå Valdres er spekjepølse laga i samsvar med gammal tradisjon i Valdres. Nemninga omfattar tre hovudtypar: storfe, småfe og vilt. Kurv frå Valdres skal vere urøykt.

Kurv frå Valdres finst i eit mangfald av storleikar og former. Kurven skal ha mørk ytterkant og raudfarga kjerne og er kjenneteikna ved ein søtleg smak og variabel konsistens. Kurven kan vere både finhakka og grovhakka.

2. Geografisk område

Kurv frå Valdres skal vere foredla i regionen Valdres, som omfattar kommunane Etnedal, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vang, Vestre Slidre og Øystre Slidre.

3. Produksjonsmetode

Til foredling av Kurv frå Valdres kan det brukast ulike typar kjøtt avhengig av type spekjepølse. Nærmare krav til innhald av kjøttråvare i dei tre hovudtypane er sette opp i tabell 1.

Tabell 1 Krav til råvareinnhald i Kurv frå Valdres

RåvareKurv frå Valdres StorfeKurv frå Valdres SmåfeKurv frå Valdres Vilt
Storfekjøtt≥ 35 %
Småfekjøtt≥ 40 %
Viltkjøtt≥ 40 %
Spekk/småflesk≤ 30 %≤ 30 %≤ 30 %

Andre ingrediensar som kan brukast til foredling av Kurv frå Valdres, er blod eller hemoglobin, innmat, potet, løk og krydder. Raudvin, sirup, saft, øl og sprit kan brukast som smakstilsetjing.

Det skal ikkje brukast startarkultur ved foredling av Kurv frå Valdres.

Kjøtt, spekk/småflesk og eventuelt løk skal kvernast ein gong. Alle ingrediensane i deigen skal deretter hakkast til ønskt konsistens før deigen blir elta i eltemaskin. Ferdig elta deig skal stappast i naturtarm eller lerretstarm før endane blir påsette klips eller knytte.

Foredling av kurv skal skje i tidsrommet frå 1. november til 1. april. Temperatur og luftråme skal målast minst éin gong i veka og regulerast ved opning eller lukking av lufttilførselen. I nødstilfelle kan det brukast vifter. Kunstig regulering av klimaet ved hjelp av klimarom skal ikkje brukast.

Berre spekjepølser som har hatt ein vektreduksjon på minimum 30 % og vassaktivitet på maksimum 0,8 aw, kan bruke nemninga Kurv frå Valdres.

4. Merking av produktet

Kurv frå Valdres kan merkjast med teksten og figurmerket for beskytta geografisk nemning.

Kurv frå Valdres skal brukast som produktnamn (hovudvarenemning) med tilleggsnemningane storfe, småfe eller vilt.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2011-04-07-367
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
8bf3c51d5ac2737a25ae1ac1f67546aa2236020c382d21279969715bf7ec0a50
Rendererversjon
8
I kraft
2011-04-07