§ 3-1. Generelle føresegner

(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gir studiepoeng ved Høgskulen i Volda, er generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning. For søkarar til andre studietilbod gjeld i tillegg krav som er fastsette i eller har heimel i inneverande forskrift, studieplan, emneplan eller i forskrifter om rammeplanar.

(2) Spesielle opptakskrav til studietilbod som ikkje blir omfatta av forskrift om opptak til høgare utdanning, skal fastsetjast i studieplanen eller emneplanane til studietilbodet.

(3) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for opptak, medrekna reglar for poengberekning og rangering.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2026-06-10-1052
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d72779cdaaf7813fbce3d869accc2d811798c5ef04ae2893c901ddb29a21dde4
Rendererversjon
8
I kraft
2026-08-01