§ 5-12. Grunngjeving og klage over karakterfastsettingen

  1. Reglar for grunngjeving og klage framgår av lovens kapittel 5. I forhold som ikkje er spesielt omtalt i loven eller i denne forskrifta, ligg forvaltningslovens prinsipp til grunn.
  2. Ved munnleg eksamen og eksamenar/deleksamenar der vurderingsgrunnlaget består av praktiske presentasjoner og utøvende prestasjoner som etter sin art ikkje lar seg etterprøve må krav om grunngjeving fremsettast umiddelbart etter at karakter er meddelt. Ved annan bedømming er tidsfristen ei veke frå kandidaten fikk høve til å gjere seg kjent med karakteren. Det er fastsett rutine for krav om grunngjeving
  3. Grunngjeving kan gis munnleg eller skriftleg av sensor(ane). Sensor(ane) bestemmer formen. Ved munnleg grunngjeving skal studenten gis skriftleg dokumentasjon for tidspunktet når grunngjevinga vart gitt. Grunngjeving skal vere gitt innan to veker etter at krav vart sett frem, jf. § 5-3 i loven.
  4. Klage på karakter må fremsettast skriftleg på fastsett skjema innan tre veker etter at eksamensresultatet er kunngjort. Dersom kandidaten har fremsett krav om grunngjeving, gjeld trevekersfristen frå grunngjeving vart meddelt. Klagen vert handsama av nye sensorar. Nytt sensurvedtak kan fattast til gunst eller ugunst for klagaren. Dette vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast.
  5. Ved munnleg eksamen og eksamenar/deleksamenar der vurderingsgrunnlaget består av praktiske presentasjoner og utøvende prestasjoner som etter sin art ikkje lar seg etterprøve, kan det kun klagast på formelle feil av mogleg betydning for resultatet.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-03-14-324
Hentet
2026-09-14T09:46:33.107190+00:00
Kilderevisjon
7b080b8d8674
Innholdshash (XML)
3ae14352509df6cbba7dfd678260d2d9e7b6613491e66053fc62a874eefe3b70
Rendererversjon
8
I kraft
2017-03-14