§ 2-3. Opptak på grunnlag av fullført høgare utdanning

(1) Søkjarar som er tekne opp til høgare utdanning på grunnlag av reglar om unntak frå kravet om generell studiekompetanse, jf. kapittel 3, og som har bestått ei slik utdanning på minst eitt år (60 studiepoeng eller to studium, kvart på 30 studiepoeng), får generell studiekompetanse såframt dei har dokumenterte norskkunnskapar.

(2) Dersom den høgare utdanninga ikkje har hatt norsk eller anna nordisk språk som undervisningsspråk, må kravet om norsk oppfyllast, jf. § 2-1. Søkjarar med utdanning frå land utanom Norden som er tekne opp på grunnlag av § 2-2 sjuande ledd, må dokumentere norskkunnskapar etter føresegnene i § 2-2.

Endra ved forskrifter 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021), 19 des 2023 nr. 2223.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-01-06-13
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
14b6bb0de027
Innholdshash (XML)
b421920b94da388d7a5bb8207c7c2aca1782c49d8cee9458b0515d71e752d0ae
Rendererversjon
8
I kraft
2017-01-15
Siste endring i kraft
2026-02-26