§ 3-1. Realkompetanse

(1) Søkjarar som er 25 år eller eldre i opptaksåret, og som ikkje har generell studiekompetanse, har krav på å få vurdert om dei er kvalifiserte for eit bestemt studium på grunnlag av realkompetanse. Denne føresegna gjeld ikkje for søkjarar som er kvalifiserte for opptak til dette bestemte studiet etter andre føresegner, jf. § 3-2 til § 3-12.

(2) Realkompetanse er kunnskapar søkjaren har fått gjennom yrkespraksis, ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid, utdanning eller på annan måte.

(3) Utdanningsinstitusjonen må vurdere kvalifikasjonane ut frå det faget søkjaren ønskjer å studere og finne fram til eigna og tenlege framgangsmåtar for slike vurderingar. Søkjaren må ha nødvendige faglege føresetnader for å gjennomføre det aktuelle studiet utan å ha generell studiekompetanse.

Endra ved forskrifter 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021), 1 des 2021 nr. 3391 (i kraft 1 jan 2022).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-01-06-13
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
14b6bb0de027
Innholdshash (XML)
b421920b94da388d7a5bb8207c7c2aca1782c49d8cee9458b0515d71e752d0ae
Rendererversjon
8
I kraft
2017-01-15
Siste endring i kraft
2026-02-26