§ 4-7A. Dispensasjonsordning for nivåkrav til lærarutdanningar

(1) Departementet kan etter søknad frå ein institusjon innvilge unntak frå nivåkrava i § 4-7 første til femte ledd og åttande ledd dersom institusjonen har tiltak som varetek dei same omsyna som nivåkrava er meint å vareta.

(2) For følgande utdanningar har departementet gitt dispensasjon frå krava til karakter i norsk og matematikk og krava til skulepoeng i § 4-7:

  1. Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7 og grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 ved Høgskolen i Østfold
  2. Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7 og grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 ved Høgskulen i Volda
  3. Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 ved Høgskulen på Vestlandet.
  4. Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7 og grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 ved NLA Høgskolen
  5. Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10, samisk grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, lektorutdanning og grunnskulelærarutdanning for trinn 1–10 ved Nord universitet
  6. Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10, grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7 med steinerpedagogikk og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 ved OsloMet – storbyuniversitetet
  7. Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10, lektorutdanning ved UiT – Noregs arktiske universitet
  8. Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10, lektorutdanning og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 ved Universitetet i Innlandet
  9. Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 og lektorutdanning ved Universitetet i Stavanger
  10. Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 ved Universitetet i Søraust-Noreg

For følgande utdanningar har departementet gitt dispensasjon frå krava til karakter i matematikk i § 4-7:

  1. Lektorutdanning ved MF – vitenskapelig høyskole
  2. Grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10, lektorutdanning med engelsk i første studieår, lektorutdanning med framandspråk i første studieår, lektorutdanning med historie i første studieår, lektorutdanning med idrett i første studieår, lektorutdanning med norsk i første studieår, lektorutdanning med religion i første studieår og lektorutdanning med samfunnskunnskap i første studieår ved Universitetet i Agder.

(3) For grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7 og grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 ved Samisk høgskole har departementet gitt dispensasjon frå krava til karakter i matematikk og krava til skulepoeng i § 4-7.

Tilføyd ved forskrift 20 juni 2024 nr. 1111, endra ved forskrifter 19 des 2024 nr. 3488, 16 jan 2025 nr. 42.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-01-06-13
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
14b6bb0de027
Innholdshash (XML)
b421920b94da388d7a5bb8207c7c2aca1782c49d8cee9458b0515d71e752d0ae
Rendererversjon
8
I kraft
2017-01-15
Siste endring i kraft
2026-02-26