§ 7-9. Tilleggspoeng for det underrepresenterte kjønnet

(1) For å jamne ut forskjellar og oppnå meir likestilling mellom kjønna, kan departementet for enkelte utdanningar fastsette at søkjarar av det kjønnet som er klart underrepresentert blant studentar på eller yrkesutøvarar frå vedkommande utdanning, skal ha inntil 2 tilleggspoeng for ein avgrensa periode.

(2) Det blir berre gitt tilleggspoeng der det er godtgjort at andre verkemidlar ikkje har ført fram. Om erfaringar frå tidlegare opptak synleggjer at tilleggspoeng kan resultere i for låg representasjon av eit kjønn, kan ein vurdere om det kan innførast spesielle tiltak, jf. § 7-3.

(3) Ein søknad om å nytte tilleggspoeng må mellom anna innehalde ein vurdering av kvifor ein vil ha tilleggspoeng eller kvotar, jf. § 7-3. Vurderinga må omfatte både kva kjønnsbalansen på studiet og i yrket er no, og kvifor det er viktig med god kjønnsbalanse i den aktuelle utdanninga. Ein må også vurdere omsynet til samfunnet og brukarane i eit kjønnsperspektiv. Søknader skal omfatte start og sluttpunkt for tiltaket.

Endra ved forskrift 30 jan 2018 nr. 137 (i kraft 1 feb 2018).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-01-06-13
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
14b6bb0de027
Innholdshash (XML)
b421920b94da388d7a5bb8207c7c2aca1782c49d8cee9458b0515d71e752d0ae
Rendererversjon
8
I kraft
2017-01-15
Siste endring i kraft
2026-02-26