(1) Reglane for nasjonal klagenemnd gjeld klagar over enkeltvedtak i den nasjonale opptaksmodellen for grunnutdanningar ved universitet og høgskular som Samordna opptak ved Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse organiserer.
(2) Reglane for nasjonal klagenemnd gjeld ikkje vedtak om opptak på grunnlag av realkompetanse og vedtak om opptak etter at det er gitt dispensasjon frå enkelte av krava om generell studiekompetanse, jf. § 8-1 i universitets- og høgskulelova. Reglane gjeld heller ikkje for klagar på vurdering av spesielle opptakskrav som omfattar ferdigheiter eller opptaksprøver etter nærmare reglar fastsette av institusjonen. Klagar på slike vedtak skal behandlast i samsvar med den klageordninga som er etablert ved kvar lærestad.
Endra ved forskrifter 2 feb 2017 nr. 117, 30 jan 2018 nr. 137 (i kraft 1 feb 2018), 23 nov 2018 nr. 1767 (i kraft 1 jan 2019), 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021), 29 nov 2022 nr. 2086 (i kraft 1 jan 2023), 19 des 2023 nr. 2223, 20 juni 2024 nr. 1111, 19 des 2024 nr. 3488.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.