(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gjev studiepoeng ved Høgskulen på Vestlandet er generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning.
(2) Søkjarar med utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere at dei oppfyller krav til norsk- og engelskkunnskapar slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning, jf. § 2-2 andre ledd for å kvalifisere for opptak til studium som gjev studiepoeng.
(3) Krava til norskkunnskapar gjeld ikkje for søkjarar som skal takast opp til engelskspråklege studieprogram, og studentar som deltek i internasjonale utvekslingsprogram, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 2-2 sjuande ledd.
(4) Søkjarar til engelskspråklege vidare- eller mastergradsutdanningar som har utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere engelskkunnskap på høgare nivå med eitt av følgjande alternativ:
(5) Styret kan i studieplan eller emneplan fastsetje spesielle opptakskrav til studium som ikkje vert omfatta av forskrift om opptak til høgare utdanning.
(6) Der studium har opptakskrav om praksis, blir praksis rekna frå same dato som søkjar fekk autorisasjonen sin. Ved yrke utan autorisasjon, blir praksis rekna frå den datoen søkjar har fullført kvalifiserande utdanning.
Endra ved forskrift 20 nov 2025 nr. 2990.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.