(1) Styret sjølv fastset årleg talet på studieplassar for dei enkelte studieprogramma, jf. § 3-7 femte ledd i universitets- og høyskoleloven.
(2) Opptak til studia kan skje på grunnlag av rangering innanfor kvotar. Ein kvote er eit bestemt tal eller ein bestemt del av studieplassane som blir fordelte blant søkjarar som tilfredsstiller nærare bestemte krav.
(3) I tillegg til nasjonale kvoter, kan fakultetet fastsetje kvoter.
(4) For masterprogram som gir opptak til internasjonale søkjarar som treng studieløyve i Noreg, skal det avsetjast ei kvote til søkjarar med tidleg søknadsfrist. For å få tilbod om studieplass, må desse søkjarane dokumentere eit karakternivå som er tilsvarande eller høgare enn poenggrensa året før. Dette gjeld ikkje for masterprogram som har opptaksprøver som del av opptaksgrunnlaget.
Endra ved forskrifter 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020), 16 juni 2022 nr. 1469.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.