§ 5-4. Poengutrekning og rangering av søkjarar til 2-årige masterprogram og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

(1) Søkjarar til 2-årige masterprogram og PPU blir rangerte innbyrdes på grunnlag av konkurransepoeng. I konkurransepoenga til ein søkjar kan summen av følgjande poeng inngå:

  1. Karakterpoeng: Det blir rekna ut eit vekta karaktergjennomsnitt, med to desimalar av den faglege fordjupinga, jf. § 2-2 (3) b). Vekta til kvar einskild karakter er talet på studiepoeng i det aktuelle emnet. Dersom utrekninga gir meir enn to desimalar, skal alle frå og med den fjerde desimalen strykast. Ein eventuell tredje desimal vert nytta til å høgne den andre desimalen, etter vanlege reknereglar.
  2. Andre tilleggspoeng: Med utgangspunkt i særlege omsyn som er knytte til enkelte studium, kan det fastsetjast andre poengtypar i studieplanen.

(2) For søkjarar med bokstavkarakterar blir følgjande omrekningsskala nytta som grunnlag for utrekning av gjennomsnittskarakter: A=5, B=4, C=3, D=2, E=1. Ved utrekning av karaktersnitt i rangeringsgrunnlaget, blir kvar karakter erstatta med det tilsvarande talet. For kvart emne som inngår i rangeringsgrunnlaget, blir talet multiplisert med talet på studiepoeng og produktet blir summert. Denne summen blir dividert på totalt tal på studiepoeng, og resultatet blir utrekna med to desimal.

Døme på utrekning med opptaksgrunnlag på 90 studiepoeng:

BokstavkarakterTallekvivalentStudiepoengTallekvivalent ganger studiepoeng
A51575
C31545
B41560
C32060
B41040
B41040
D2510
SUM90330

Rangeringsgrunnlag: 330 delt på 90 = 3,66

(3) For utrekning av kvalifiseringskrav etter § 2-2 (3) bokstav e, skal avrunding skje til næraste heile tal etter vanlege avrundingsreglar.

(4) Nærare føresegn om omrekning av karakterar frå andre karakterskalaer er gitt i retningsliner for opptak til Universitetet i Bergen.

(5) I særskilde tilfelle kan anna utdanning, praksis eller kompetanse enn den som inngår i det formelle opptaksgrunnlaget, bli teken med i rangeringa. Rangeringsgrunnlag og rangeringsmetode fastsetjast i studieplanen.

(6) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning vil søkjarar med to fag ha prioritet framfor søkjarar med eitt fag.

Endra ved forskrifter 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020, tidligere § 5-3), 20 feb 2020 nr. 180 (i kraft 1 mars 2020), 16 juni 2022 nr. 1469, 2 mai 2024 nr. 1446.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2018-11-27-1907
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
6d5691839f16dac83b6180aabf8d4d51063797da1d80f2d596954e80e098e562
Rendererversjon
8
I kraft
2019-01-01
Siste endring i kraft
2024-05-02