§ 6-2. Tilbod og opptak på visse vilkår for utøvande og skapande kunst, musikk og design

Universitetet i Bergen kan gi tilbod om studieplass på visse vilkår til søkjarar til utøvande og skapande kunst, musikk og design som ikkje tilfredsstiller heile opptakskravet på det tidspunktet dei får tilbod om studieplass. Søkjarar som får tilbod på visse vilkår må gjennomføre og greie manglande eksamenar ved første mogelege anledning, og seinast innan 1 år.

Tilføyd ved forskrift 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2018-11-27-1907
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
6d5691839f16dac83b6180aabf8d4d51063797da1d80f2d596954e80e098e562
Rendererversjon
8
I kraft
2019-01-01
Siste endring i kraft
2024-05-02