§ 7-1. Reservert studieplass

(1) Tildelt studieplass kan reserverast til neste gong det er opptak til studiet dersom det ligg føre dokumenterte, tungtvegande grunnar. Det blir normalt ikkje innvilga reservert plass for meir enn eitt år.

(2) Søknad om reservasjon av studieplass må leggast fram innan tre veker etter at ein har motteke tilbod om studieplass.

(3) Med tungtvegande grunnar er det her meint verneplikt, graviditet, sjukdom, ulukker eller dødsfall i nær familie. Andre tungtvegande grunnar utanfor kontrollen til søkjaren kan òg gi grunnlag for reservert studieplass. Grunn må dokumenterast med attest frå lege, anna helsepersonell, politi eller tilsvarande.

(4) Til studium som krev opptaksprøver, jf. § 2-1 (7) og forskrift om høgre utdanning § 4-9, blir det som hovudregel ikkje innvilga utsett studiestart eller reservert studieplass.

Endra ved forskrift 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2018-11-27-1907
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
6d5691839f16dac83b6180aabf8d4d51063797da1d80f2d596954e80e098e562
Rendererversjon
8
I kraft
2019-01-01
Siste endring i kraft
2024-05-02