Forskrift om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 30. juni 2006 nr. 52 om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

§ 1.

Endringane i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 32 første ledd skal gjelde der krav om innløysing blir fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. september 2007 eller seinare.

§ 2.

Endringane i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 34 andre ledd andre punktum om festetomter til fritidshus som høyrer til ein statsallmenning og i lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 13 tredje ledd andre punktum skal gjelde der krav om innløysing blir fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. september 2007 eller seinare. Ved krav om innløysing når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døydde eller døyr 1. juli 2006 eller seinare. Dersom kravet om innløysing er endeleg avgjort ved avtale, skjønn eller rettsavgjerd før 1. juli 2006, gjeld endringane ikkje, sjølv om innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. september 2007 eller seinare.

§ 3.

Endringane i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 43 første og andre ledd gjeld ikkje der krav om skjønn er sett fram før 1. juli 2006.

§ 4.

Forskrifta gjeld frå 1. juli 2006.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2006-06-30-729
Hentet
2026-04-29T11:20:30.048320+00:00
Kilderevisjon
3d499af6bbf5
Innholdshash (XML)
ffa4f10a9f82b44aaea0f501d47b67afa4b3eca15763aad4d0d4f8e862a6f82a
Rendererversjon
8
I kraft
2006-07-01