§ 12. Sektoravgift og gebyr for sendarløyve for Profesjonell Mobil Radio og lågeffektsystem

Innehavarar av sendarløyve for Profesjonell Mobil Radio skal betale kr 890 i sektoravgift for kvar basestasjon og kr 300 i sektoravgift for kvar mobile stasjon.

Gebyret for kvar ekstra ein-frekvenskanal til gjeldande løyve er kr 470. Innehavar av sendarløyve for lågeffektsystem skal betale kr 890 i sektoravgift.

Innehavar av sendarløyve for Profesjonell Mobil Radio eller lågeffektsystem til enkeltståande arrangement eller med tilsvarande kort varigheit skal ved tildeling betale kr 270 i gebyr for kvart løyve. I tillegg skal innehavar betale kr 110 i gebyr for kvar kanal løyvet gjeld.

Endra ved forskrifter 25 juni 2025 nr. 1325 (i kraft 1 juli 2025 med veknad frå 1 jan 2025), 29 jan 2026 nr. 113 (i kraft 1 feb 2026 med verknad frå 1 jan 2026).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-01-17-79
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
c811418c283e
Innholdshash (XML)
6868ecef3141e71768717313461b22f769a8e6b1e725a92cf040f699b319b0ac
Rendererversjon
8
I kraft
2024-01-17
Siste endring i kraft
2026-02-01