§ 16. Bortfall av seterrett

Når seterretten fell bort fordi drifta på eigedomen er lagt ned og jorda teken i bruk til formål utanom jordbruk, eller fordi ein ikkje kan rekne eigedomen som ei jordbruksmessig eining eller jordbruk, jf. § 2 andre ledd i fjellova, skal fjellstyret gjere vedtak om

  1. at setra skal visast ut til eigedom i drift som treng seter, jf. § 6 og § 7, eller
  2. at den tidlegare seterbrukaren må søkje Statskog SF om feste av tomt for seterhusa til fritidsformål, eller
  3. at seterbrukaren fjernar husa om verken overføring eller oppretting av festekontrakt er aktuelt.

Blir setra vist ut til ein annan eigedom, skal fjellstyret gjere vedtak om at den førre seterbrukaren skal fjerne husa om ikkje han, innan ei viss tid, overdreg dei til den nye seterbrukaren.

Før fjellstyret tek avgjerd om fjerning av hus etter første ledd bokstav c eller andre ledd, skal saka leggjast fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn.

Endra ved forskrifter 27 mars 2007 nr. 358, 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/1984-06-22-1302
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7f05a77ea6be4a0003272ec99940e693658e2401123103b4516e68d9c7bed973
Rendererversjon
8
I kraft
1984-06-22
Siste endring i kraft
2021-11-01