Jordbrukar med beiterett i statsallmenningen kan – anten åleine eller saman med andre beiterettshavarar – få utvist grunn som er skikka til dyrking eller til kulturbeite som tilleggsjord, jf. § 19 første ledd i fjellova. Det er eit vilkår at dei som har beiterett godtgjer behovet for tilleggsjord. Dette kan til dømes gjerast ved å leggje fram ei driftsplan.
Søknad om utvising av tilleggsjord skal sendast fjellstyret. Fjellstyret skal leggje saka fram for kommunen, Statskog SF og eventuelt allmenningsstyret og områdestyret i reinbeiteområde etter reindriftslova, for fråsegn.
Kommunen handsamar og avgjer søknaden etter gjeldande forskrift om nydyrking i dei tilfelle der søknaden omfattar fulldyrking eller overflatedyrking etter forskrifta. Gjeld søknaden kultivering, og eventuelt inngjerding til beitebruk, skal kommunen gi fråsegn om dei tilhøva som er nemnde i § 5 i forskrifta om nydyrking.
Fjellstyret gjer vedtak om utvising av tilleggsjord til jordbrukar med beiterett. Statskog SF skal ha melding om vedtaket.
Statskog SF avgjer søknader om inngjerding av tilleggsjord etter tilråding frå fjellstyret, jf. § 5 fjerde ledd i forskrifta.
Fjellstyret måler ut setervoll og dyrkingsjord eller kulturbeite som skal visast ut saman med eller leggjast til seter.
Fjellstyret skriv ut eit eige dokument til beiterettshavaren om utvisinga. Fjellstyret skal sende kopi av dette dokumentet til Statskog SF.
Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.