Sentralt stadnamnregister skal innehalde opplysningar om alle stadnamn som har fått skrivemåten vedteken etter stadnamnlova. I tillegg skal registeret innehalde flest mogleg andre stadnamn som er godkjende etter tidlegare lov og forskrift og brukte i offentleg samanheng, og tilhøyrande opplysningar om desse namna.
For alle namna skal registeret ha opplysningar om:
Kartverket fører registeret og skal syte for at opplysningane er allment tilgjengelege.
Kartverket skal utarbeide dei standardane og rutinane som skal nyttast ved rapportering til registeret. Skal eit vedtak brukast i matrikkelen, skal Statens kartverk syte for oppdatering mellom dei to registera.
Når eit namn ikkje er behandla etter reglane i stadnamnlova, og to eller fleire skrivemåtar av namnet på same språk er i offentleg bruk og er registrerte i Sentralt stadnamnregister som godkjende skrivemåtar, skal ein i offentleg bruk velje den skrivemåten som er prioritert i Sentralt stadnamnregister.
Endra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381 (tidlegare § 13).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.