Kunstnarar under 35 år som er tidleg i ein etableringsfase, kan få etableringsstipend for unge kunstnarar.
Ved vurdering av kunstnarleg aktivitet og kvalitet, jf. § 6, kan det for etableringsstipenda leggjast vekt på aktivitet under studietida frå relevante studium.
Ein kunstnar kan berre få etableringsstipend ein gong.
§ 22 andre og tredje ledd gjeld tilsvarande.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.