Kulturdirektoratet er sekretariat for utvalet for Statens kunstnarstipend.
Kvar stipendkomité skal ha sekretariat anten i den organisasjonen som oppnemnde medlemmene, eller i Kulturdirektoratet. Dersom meir enn éin organisasjon har rett til å oppnemne medlemmer til ein stipendkomité og organisasjonane ikkje blir einige om kven av dei som skal vere sekretariat, skal sekretariatet vere i Kulturdirektoratet.
I stipendkomitéar der Kulturdirektoratet ikkje er sekretariat, har Kulturdirektoratet møte-, tale- og referatrett i komitémøta.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.