(1) Det kan gjennomførast obligatoriske læringsaktivitetar knytt til praksisgjennomføringa undervegs i praksis. Desse må vere godkjent før sluttvurdering. Obligatoriske læringsaktivitetar skal følgje reglane i kapittel 8, i tillegg til § 10-1 til § 10-4.
(2) Praksis blir vurdert etter skalaen «bestått» / «ikkje bestått» etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. For å bestå praksisen må studenten med sin prestasjon i praksisperioden, nå måla for læringsutbyttet. Når deltaking i praksis er ein obligatorisk læringsaktivitet, skal perioden vurderast som godkjend / ikkje godkjend.
(3) Studenten har rett til jamleg rettleiing og tilbakemelding. Tilbakemeldinga skal halde studenten orientert om korleis studenten fungerer når det gjeld læringsutbyttet for praksisperioden.
(4) Studenten skal få ei sluttvurdering som viser om vurderingsresultatet er bestått eller ikkje bestått. Vurderinga skal omtale kva som er vurdert og om læringsutbytta for praksisperioden er oppnådd. Vurderinga skal gjerast ut frå om krava til læringsutbytta er oppnådd undervegs i praksisperioden. Heile praksisperioden skal telje med i vurderinga. Sluttvurderinga skal vere tilgjengeleg for studenten når resultatet for praksisen er publisert.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.