(1) Eksamenar som krev fysisk oppmøte skal gjennomførast på studiestaden der studenten er tatt opp. Høgskulen kan gjere unntak i særlege tilhøve, jf. kapittel 7 om tilrettelegging.
(2) Oversikt over eksamensstad skal vere tilgjengeleg på Studentweb seinast ei veke før kvar eksamen.
(3) Det kan gjelde eigne reglar for praktisk eksamen. Det kan òg gjelde eigne reglar for studietilbod med studiesamlingar utanfor campus, når vurderingsform ikkje er skuleeksamen. Eigne reglar skal gå fram av studieplan eller emneplan.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.