§ 11-5. Eksamensforsøk

(1) Det er ikkje høve til å framstille seg til eksamen i same emne meir enn tre gonger ved Høgskulen på Vestlandet. Eksamensforsøk i praksis går fram av reglane i kapittel 10.

(2) Emne med tilsvarande fagleg innhald, blir rekna som same emne. Fagleg overlapp mellom emne skal gå fram av emneplanen, jf. § 2-9.

(3) Studentar utan bestått resultat i eit emne får etter søknad eit fjerde eksamensforsøk dersom eit av følgjande vilkår er oppfylte:

  1. studenten manglar maksimalt 60 studiepoeng for å fullføre sin grad, eller yrkesutdanning, eller
  2. emnet er obligatorisk i programmet eller forkunnskapskrav for eitt eller fleire obligatoriske emne i graden, eller
  3. særs tyngande sosiale eller medisinske tilhøve ligg til grunn for at eitt eller fleire av dei tidlegare forsøka ikkje er bestått. Søknaden må vere dokumentert med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person. Studenten sin tilstand på eksamenstidspunktet og studenten sin sjanse til å gjennomføre, trekkje seg eller sjukmelde seg frå eksamenen skal gå fram av dokumentasjonen. Studenten sin studieprogresjon og faglege prestasjonar kan telje med i vurderinga av søknaden.

(4) Det kan stillast krav om at studenten må følgje undervisningsopplegget og gjennomføre eventuelle obligatoriske læringsaktivitetar på nytt.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10