§ 11-8. Gyldig fråvær til eksamen

(1) Studentar som ikkje møter til eksamen dei er meldt opp til, men kan dokumentere gyldig fråvær, blir rekna som ikkje å ha framstilt seg til eksamen og har ikkje brukt eitt eksamensforsøk. Gyldig fråvær er:

  1. eigen sjukdom og barns sjukdom
  2. dødsfall i nær familie eller andre nærståande til studenten
  3. gravferd eller bisetting til nærståande, jf. førre punkt
  4. pålegg frå offentleg mynde om at studenten pliktar å møte fram ein annan stad
  5. forhold utanfor studenten sin kontroll som gjer det sterkt urimeleg å krevje at studenten gjennomfører ein eksamen.

(2) Krav til dokumentasjon av gyldig fråvær frå eksamen:

  1. Sjukdom må dokumenterast med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person. Attesten må opplyse om at den er gitt i høve fråvær frå eksamen arrangert av Høgskulen på Vestlandet, og at fråværet gjeld ein bestemt dag eller dagar.
  2. Ved dødsfall, gravferd eller bisetting må studenten oppgje kven som har gått bort, og kva for relasjon studenten hadde til avdøde.
  3. Andre omstende som blir rekna som gyldig fråvær må dokumenterast.
  4. Dokumentasjonen skal vere gitt til høgskulen, eller poststempla seinast ei veke etter at eksamen skulle ha vore avlagt eller etter frist for innlevering av skriftleg arbeid.

(3) Dersom eit eksamenssvar er innlevert, kan det ikkje registrerast gyldig fråvær i ettertid.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10