å opptre i strid med gjeldande reglar for den spesifikke eksamenen.
å bruke eller ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen.
å legge fram andre sitt arbeid som sitt eige utan tilstrekkelege kjeldetilvisingar eller markering av sitat (plagiat).
å vise til fiktive kjelder.
å levere arbeid som er heilt eller delvis utarbeidd av andre enn studenten eller studentane sjølv.
å sitere eller på annan måte nytte eigne tidlegare arbeid som har gitt utteljing i form av studiepoeng eller rett til å gå opp til eksamen, utan tilstrekkeleg kjeldetilvising.
å skaffe seg tilgjenge til eksamen ved å fuske på ein obligatorisk læringsaktivitet, eller på urett grunnlag få godkjent deltaking til slik aktivitet.
å tileigne seg fordelar ein ikkje har rett til ved eksamen eller kurs.
ulovleg kommunikasjon mellom studentar eller grupper (ulovleg samarbeid).
å la ein annan gjennomføre eksamen for seg.
fabrikkering eller forfalsking av data.
(2) Studentar kan reknast for å ha fuska eller forsøkt å fuske frå det tidspunktet eksamenen eller vurderinga har starta. For føresegner om når eksamen har byrja, sjå § 11-13.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.