(1) Sensurfristen ved ordinær sensur er inntil 15 kvardagar frå eksamen er avlagt, jf. universitets- og høyskoleloven § 11-7 fjerde ledd.
(2) Ved masteroppgåver er sensurfristen inntil seks veker.
(3) Når det ikkje er mogleg å skaffe nok kvalifiserte sensorar som er nødvendig for å halde sensurfristen på 15 kvardagar, kan styret sjølv i mellombels forskrift fastsette ein lengre sensurfrist for enkelteksamenar, jf. universitets- og høyskoleloven § 11-7 fjerde ledd og § 11-6 tredje ledd.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.