§ 13-7. Gjennomføring av sensur

(1) Sensorrettleiing og emneplan skal vere gjort tilgjengeleg for sensor. Ekstern sensor/sensorane skal, etter sensurering, skrive sensorrapport.

(2) Ved usemje ved ordinær sensur og klagesensur:

  1. Mellom ekstern og intern sensor avgjer ekstern sensor resultatet.
  2. Mellom to interne sensorar avgjer den sensoren som ikkje har undervisningsansvaret.
  3. Ved usemje på meir enn to karakterar, skal det oppnemnast ein tredje sensor. Tredje sensor kan få tilgang til informasjon om kva usemja gjeld. Det er den tredje sensoren som avgjer den endelege karakteren.

(3) Sensor som avgjer resultat ved usemje har ansvar for eventuell grunngjeving.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10